website templates

Voss skulemusikk

Vil du spela saman med oss?

Bli med!

Ynskjer du å bli med i Voss skulemusikk? Me vil gjerne ha deg med på laget! Voss skulemusikk har øving kvar onsdag på Voss kulturhus, og deltek gjennom året på mange spannande aktivitetar. Døme på arrangement som me har delteke på er Hordablæsten i Bergen, Noregsmeisterskap i Larvik, mange kjekke seminar og mykje meir. 
Det vanlegaste er å møte opp på ei øving ved skulestart, men du er hjarteleg velkomen innom ein onsdagskveld for å prøva deg. Dato og klokkeslett for den første øvinga til hausten vert publ.isert når det nærar seg.

Tida flyg!

Voss skulemusikk vart stifta i 1947. Her kan du sjå noko av historia vår:

Historie

Vossafestivalen

Vossablås vert arrangert av Voss skulemusikklag og Voss musikklag annakvart år på Voss. Vossablås er ein korpsfestival som fokuserer på speleglede, fellesskap og moro.
Vossablås