free portfolio site templates

Bli medlem

Bli med oss å spela!

Vil du vera med på å spela musikk og ha det moro? Då kan du verte medlem i Voss Skulemusikk. Kanskje liker du trommer? Eller kanskje liker du betre treblås eller messing? Me har noko for alle. Dei første øvingane til hausten opnar me opp for at akkurat du kan koma og prøva ut kva instrument du liker. Som ny på instrumentet vert du medlem i aspirantkorpset, og får mange nye venner. Kom kom!

Kven passar det for?

Korps passar for alle. Dersom du liker musikk, har lyst å lære meir musikk, eller berre har lyst å få 'mange nye venner, er korps tingen! Me anbefaler at ein har begynt i fjerde klasse når ein byrjar i korpset, men det er ingen formell eller absolutt nedre aldersgrense. 

Må ein kunne spele eit instrument for å verte med?

Nei. du må ikkje kunne spele frå før, for å verte medlem i korpset. 

Til føresette og nye musikantar / dril

Publisert: 15.06.2020

Voss Skulemusikk er eit janitsjarkorps beståande av aspirantkorps, juniorkors, seniorkorps og drilltropp.

Opptak av nye musikantar og drill skjer på hausten ved skulestart frå 3. klasse og oppover.

I eit janitsjarkorps kan en spela mange ulike instrument: kornett, klarinett, saxofon, fløyte, trombone, baryton, tuba og slagverk.

Me treng ein viss fordeling av dei ulike instrumenta for at det skal bli eit bra korps.

Som medlem i korpset får du låne instrument/drillstav og nødvending utstyr. Me spelar saman i grupper og alle som er nye startar saman i aspirantkorpset. Her lærer dirigenten musikantane å spele rytmar og notar. I tillegg får alle tilbod om eine-undervisning en dag i uka.

Fellesøving er på Voss Kulturhus kvar onsdag frå 17.00.



Pris pr. semester er 775,- som inkluderer instrument, gruppespel, enetime, notar, uniform.

I eit korps får du mange nye vener på tvers av kjønn og alder. Me utviklar ferdigheiter som ein har med seg resten av livet og som gir god overføringsverdi til andre aktivitetar. Me har sosiale samankomster utan instrument, me er med på konkurransar og dreg på turar.

Informasjonsmøte for foreldre og nye aspirantar er onsdag 26 august på Voss Kulturhus kl. 18.00

Se fordelane ved å lære seg å spele eit instrument 😊


Fordelar med å læra eit instrument

Create awesome mobile-friendly websites. No coding and free.

Informasjonsmøte 26. august klokka 18:00 på Voss Kulturhus for føresette og nye aspirantar. 

Send gjerne SMS eller epost på førehand til leiar Hedvig Røhnebæk:

    93248573   

    post@vosskulemusikk.no