design a website for free

Om Vossablås

Ein korpsfestival på Voss for alle, både nye og meir erfarne korpsmusikantar.

FESTIVALINNHALD Speleglede, fellesskap og mangfald har hovudfokus i festivalen. Festivalen ynskjer å vera uformell, men skal likevel ha ”snusarar” ute som skal premiere nokon av korpsa som er med. Denne juryen skal fylgje med på marsjeringar og konsertar i løpet av helga. Det blir delt ut prisar for kreative innslag og publikumspris. Opning og avslutning ved Prestegardslandet og musikkpaviljongen – eit stort park- og friluftsområde midt i sentrum. Det blir innmarsj frå ulike stader utan altfor lang avstand å marsjere. På opninga og avslutninga blir det eit fellesnummer, “Ja vi elsker”. Det blir friluftskonsertar rundt omkring i sentrum laurdag føremiddag. Alle korps får tildelt kvar dei skal spele. Det er ønskjeleg at alle deltakande korps har eit speleprogram på ca. 15 minutt. Korpset tek sjølve med seg det som trengs av utstyr. Laurdag blir det grillfest ved Vangsvatnet. Me inviterer til sosiale aktivitetar og god mat. Det blir lagt opp til at det skal vera tid til kos og at me skal bli endå betre kjende med kvarandre. Festkonsert med underhaldning og påfølgjande disko med DJ høyrer med på laurdagskvelden i Voss Idrottshall.

  1. Stad for festivalen- Festivalen er lagt til Vossevangen, som er handelssenteret i Voss kommune.
  2. Innkvartering- Det vert innkvartering for deltakarane. I 2017 var innkvarteringa på Voss ungdomsskule og Voss Gymnas. Meir informasjon om innkvartering kjem. Alle må ha med sovepose og liggjeunderlad. Det vert vaksne vaktar heile døgeret, og festivalkontoret vert på Voss ungdomsskule.
  3. Mat- Som matsal nyttar me bedehuset Nain som ligg mellom Voss gymnas og Voss ungdomsskule. Det vert servert fylgjande måltid: fredag ettermiddag/kveld når de kjem, 3 måltid laurdag og 2 måltid sundag (frukost, og lunch etter avsluttninga). Mat er inkludert i festivalavgifta. Andre gjestar kan eventuelt kjøpa matkupongar. NB! Det er viktig å melde frå om allergiar og intoleransar på førehånd. 
  4. Påmelding og festivalavgift- Festivalavgifta er 1100,- pr. person og dekkjer overnatting, mat, grillfest og festkonsert. Innan 12. april betalar korpset inn kr. 1500,-. Festivalen legg opp til om lag 800 deltakarar.
Address

Postboks    330

5701 Voss

Vossablås

Vossablås 2019
Ein korpsfestival på Voss for alle, både nye og meir erfarne korpsmusikantar.