Velkomen til Voss i 2022

Me er glade for at me no kan invitera til Vossablås 2022.
Festivalen går av stabelen 20.-22.mai 2022.

Påmeldinga er godt i gang.
Meld korpset ditt på allereie no for å sikra at de får plass 😊
Påmeldinga vert uansett ikkje bindande før tidlegast 1.februar.
Me vurderer naturlegvis situasjonen løpande.

Dette vert moro, det er kjekt å ha noko å sjå fram til.

Her finn du informasjonsfaldaren vår.

Til høgre på sida her finn du lenkje til påmelding.


Me sjåast på Vossablås 2022 🙂

VELKOMEN
TIL BYGDA VÅR,
LERRETET FOR
VOSSAOPPLEVINGA DI !